Skrevet av: Odd Dubland
Fra nyttårskvelden 2007-2008 på ungdomsfest på Gilje bedehus.
I kveld vil eg tala til ein som ikkje er til stades her. Jau, han set nede på ein stol mellom dykk ungdomar. Det er meg,- då eg var 16 år. Det er han, denne eldre mannen som er over 70, vil tala til.
Kjære Odd.
Du er litt musikalsk. Lær deg notene og ikkje bli slik ein musikalsk slubbert som meg som trudde det gjekk an å flyta på gehøret. Det ligg i slekta di å vera rastlaus og utolmodig. Dette må du kjempa i mot
når ting skal lærast skikkeleg. Hugs at ein gut har ofte karakteren frå far sin og intellektet frå mor.
Du er nå 16 år og kan ha litt av opprøraren i deg, men legg alltid vinn på å æra far din og mor di.
Snakk aldri stygt om dei. Ber dei ikkje på bygda sjølv om du ikkje alltid har det greitt heime. Det kan og vera di eiga skuld. Ta vare på helsa di og byrja aldri med røyk. Då sparer du kr.20 000,- i året
og får ei betre helsa og kanskje eit lengre liv. Hald deg langt borte frå rusmidler.
Kanskje du trur at kristne er sterkare enn andre og kan ha eit meir avslappa forhold til alkohol.
Nei,- det er feil. Eg har sett korleis folk har vorte lurde.
Ver ikkje redd for å ta på deg tenester i Guds rike som ikkje prangar. Søk ikkje tom æra og ikkje ver så svært oppteken av korleis du tek deg ut. Du kallar deg ein kristen, men ikkje vis deg åndelegare enn du er. Stig ikkje høgare enn livet sjølv lyfter deg. Vær snar til å høyra og litt seinare til å tala.
Når du ser folk som det har gått galt for i livet,- så gå ikkje stolt forbi. Det kunne liksåvel vore deg.
Kanskje du fekk ein betre start enn dei. Så litt om forelskelse.
Har du den sanne kjærleik så vil du som gut og mann kjenna trong til gi beskyttelse. Dersom kjenslene er uekte har du trong til utnyttelse. Dersom du vert tala til rette, så lær av det. Ikkje gøym på fornærmelsar og hån. Tenk stort og ver tilgjevande slik du har opplevd det frå Gud sjølv.
Hemn deg ikkje sjølv. Søk ikkje det som glimrar i menneskeaugo.
Ikkje gløym dei som ulønna vaskar golvet på bedehuset. Dei som ingen applauderer for.
Så har eg lært ein viktig ting. Dei vanskane eg møtte i livet, var i grunnen med og drog meg inn til Kristus. Det var i slike stunder eg trong han mest.
Til slutt: I alle menneske så skiftar stemning og kjensler. Når det gjeld ditt forhold til Gud, så hugs at det er ikkje så omskifteleg som kjenslene. Guds ord er eit fast punkt som aldri vert rikka. Den største ære du kan visa Jesus Kristus er å tru på han.
www.dubland.no