
Andakt av Marie Elise (Liso) Øvstebø
«Eg vil læra deg og visa deg den vei du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg, og gi deg råd» Sal.32.8
Då me var små, song me for full hals: «Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd. Når han styrer båten, så går det så bra, på veien til Himmeles land».
Lar me Jesus få styra «båten vår»? Eg kjenne for min del at eg altfor ofte overtar dette rattet sjølv.
Noken gonge heilt, andre gonger er eg borti og vingle litt. Det har aldri vore ein suksess. Men alikavell skjer det til stadighet ![]()
Egenviljen vår er så stor… Men takk og lov kan me få komma til Jesus på nytt og på nytt. Hans nåde er ny kvar morgen!
For ein stor Gud me har
Han seie ALDRI til oss at nå er eg luta lei av deg… du har brukt opp sjangsane dine! Nei, Han står der Han, med opne armar ![]()
I Jes.45.11b står det: «LA MEG DRA OMSORG FOR MINE BARN.OG FOR MINE HENDERS VERK».
Tenk me er Hans verk. Me har alt å vinna med å legga våre liv i Hans hender.
Så kan me få be til Jesus om hjelp til å leva våre liv tett ved Hans side. At Jesus er kapteinen på vår skuta, heil fram til målet – Himmelen!!
I Jes.58.11 står det «Herren skal lede deg. På tørre steder skal Han mette din sjel. Du skal bli som ein vannrik hage, som et kildevann – der vannet aldri svikter».
For ein lovnad:) Må det bli vår bønn at Jesu hender så styre vår «båt». Og må Hans lys få lysa så kraftigt i oss, at fleire vil ta del i det me har!!
Men skal det lyset få skina klart, må me ikkje laga solformørkelse med alt det jordiska. For me har fått ein befaling om at me skal gå ut å gjera alle folkeslag til Hans disippler.
Og heldigvis seie Han: «Eg vil læra deg og visa deg den vei du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg å gi deg råd». Sal.32.8
Legge me våre liv i Hans hender og ber om at Han må bruka oss i vår kvardag. Då skal me bli til ein vannrik hage, der vannet aldri svikter. Må Jesu kjærlighet få fossa ut av oss,
for ALLE, ALLE VIL VI HA MED – VIL VI HA MED TIL HIMMELEN!!!