Innlegg(RSS)


Andakt av: Odd Dubland

Karikaturar er eit gamalt fenomen.

I Roma vart det funne ein karikatur frå det fyrste århundre etter Kristus so det kan vera verdt å leggja merke til. Du ser ein skapning med et eselhovud på et kors. På venstre side ein mann som retter opp handa mot korset. Teksten på karikaturen lyder: ALEXAMENOS SEBETE QEON: Alexamenos tilber (sin) gud.
Teikningen er etter alt å døma ein spottekarikatur av Kristus. Alexamenos er truleg ein kristen som vert hånt for si tru.
Korleis reagerte Alexamenos på denne mobbinga? Det veit vi ikkje.
Ville han følt seg djupt krenkt og såra og ropa på hemn?
Ville han stukke ein kniv i ryggen på «kunstnaren»?
Ville han sett fyr på eit heidensk tempel?
Ville han skapt demonstrasjon og oppløp i gatene?
Nei, dersom han var ein sann Jesu Kristi etterfylgjar så ville nok reaksjonen vore ein heilt annan.
Han ville ha kjent ei ekte stille glede over teikninga!
Ikkje fordi at Kristus vart krenkt og parodiert.
Men at han,- Alexamenos,- skulle få oppleva så stor ein ting at han fekk del i den same fornedring og vanære som Kristus!
Han,- den ukjende Alexamenos, har fått sitt namn for all ettertid bunde til Kristus.
Dersom vi ser på reaksjonane rundt i verda på nokre karikaturar av Muhammed, så må vi og forstå at det langt frå Muhammed til Kristus.
Kristus sa det slik då dei hengde han på korset: Herre forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.
Ja, han lærde sine fylgjande trøystande ord:
Sæle er de når dei spottar og forfylgjer dykk, og lyg allslags vondt på dykk for mi skuld.
Ver glade og fegne! For stor er den løna de har i himmelen.

Samlinger